Heftige diskusjonar i valinnspurten

Siste krampetrekningane i valinnspurten vert gjort denne helga, og vi registrerte at stemninga var god hos dei tre partia som hadde stand i Selje sentrum laurdag.

VALKAMPINNSPURTEN: Siste gong på stand for denne gong. Ein blid gjeng i Selje sentrum laurdag. F.v. Jorunn Breteig, Johan Kroken, Jon Frogner, Therese Lien Smenes, Jan Vidar Smenes, Gunn Sande, Øystein Ragnar Aasebø og Eli Eide Årevik.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Diskusjonen gjekk heftig hos lokalpolitikarane om plassering og kjøp av tomt til framtidig symjehall i Selje, men stemninga var likevel god hos Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre som var dei som hadde stand i Selje laurdag.