Stor glede over pengeauke som sikrar pilegrimssenter

Det var reine hallelujastemninga i Selje prestegard i dag då det vart gjort kjent at tilskotsauke legg til rette for å etablere fast regionalt pilegrimssenter i Selje.

PENGEAUKE: Denne gjengen gleder seg over pengeauke til regionalt pilegrimssenter. F.v. William Dalsbø, KrF, Tore Storehaug, KrF, Geir Årvik, H, Marita Aarvik frå Pilegrimssenteret i Selje, Lena Landsverk Sande, toppkandidat for V i Møre go Romsdal), Stad-ordførar Alfred-Bjørlo (V) og Belinda Fure frå Stad kommune.  Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Nyhende

I statsbudsjettet for 2022 aukar Regjeringa tilskotet til Kystpilegrimsleia frå ein til to millionar kroner, og varslar at opptrappinga vil halde fram. Auken legg til rette for å etablere fast regionalt pilegrimssenter i Selje, og auka aktivitet langs heile Kystpilegrimsleia frå Eigersund til Trondheim.