Lillian Rosø (36) har hatt ME i 21 år

Stiller ut til inntekt for forsking og kunnskap kring ME

Lillian Rosø var berre 15 år då ho blei sjuk av ME. Det tok ni år å få ei diagnose, og endå fem år å få uføretrygd. No stiller ho ut bilde til inntekt for forsking og kunnskap kring ME.

Lillian kan måle bilde på dei få dagane ho har energi til det, og bak denne utstillinga på Didriks ligg det mange dagar med arbeid. Ei salsutstilling der pengane skal gå til å finne ut meir om sjukdomen ME, og motiva stort sett er henta frå naturen i Nordfjord. 

Nyhende

Når Lillian Rosø viser seg ute mellom folk ser ho for det meste heilt frisk ut. Ho har sminka seg, stelt seg på håret og ser faktisk ganske pigg ut. Ei smilande og heilt vanleg kvinne på 36 år. Men det er langt mellom desse dagane der ho kan vise seg fram frå si beste side. For det meste lever ho livet sitt innanfor veggane i heimen på Bryggja.