Rekord av førehandsrøyster i Stad

Aldri før har så mange førehandsrøysta i Stad kommune.

Etter at alle frammøtte ved rådhuset hadde fått avlagt røysta si fredag ettermiddag fekk dei to som har motteke fleirtalet av desse førehandsrøystene blomar som takk for ein strålande innsats. F.v. Marianne Navelsaker og Pia Vonheim i Stad kommune.  Foto: Stad kommune

Nyhende

Ved kommunestyrevalet i 2019 var det 1.506 personar som førehandsrøysta ved kommunestyrevalet i Stad kommune og 5096 personar som røysta totalt. Det vil seie at om lag 20 prosent førehandsrøysta ved valet for to år sidan.