– Ein stor inspirasjon

Det ligg an til ein spennande valthriller i Sogn og Fjordane viser NRK «supermåling».

– Dette er ein stor inspirasjon i sluttspurten av valkampen, og syner at det er ein reell sjanse for Venstre å ta eit stortingsmandat i Sogn og Fjordane, seier Alfred Bjørlo som er Sogn og Fjordane Venstre sin 1.-kandidat til Stortinget.   Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

NRK/Norstat si «supermåling» rett før valet viser at Venstre går fram 1,5% i Sogn og Fjordane frå august til september, og ligg an til å ta eitt av fire stortingsmandat i Sogn og Fjordane.