Tre nye positive prøver

Helse Førde melder om tre nye positive prøver etter at 273 prøver vart analysert onsdag. Så langt denne veka har fire prøver vore positive.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 2163 prøver og 15 av dei har vore positive.  

Nyhende

Helse Førde analyserte onsdag 273 prøver og tre av prøvene er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Kinn og Lærdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Så langt denne veka har fire prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal. I tillegg til dei tre positive prøvene onsdag, var også ei prøve positiv måndag. Denne var tatt i Sunnfjord.

15 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom onsdag 1. september og onsdag 8. september, har Helse Førde analysert 2163 prøver. Av desse analyserte prøvene har 15 vore positive.

Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 2. september med fire positive. Søndag 5. september og tysdag 7. september er dagar med berre negative prøver.

Onsdag 01. september: 2 nye av 279 analyserte prøver

Torsdag 02. september: 4 nye av 412 analyserte prøver

Fredag 03. september: 3 nye av 297 prøver

Laurdag 4. september: 2 nye av 140 analyserte prøver

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Smitteutbrotet i Ørsta

Ifølgje Ørsta kommune hadde kommunen fått melding om seks nye smittetilfelle onsdag ettermiddag. To av desse har førebels ukjent smitteveg og testa seg på grunn av symptom. Dei andre fire er nærkontaktar.

Ei klasse på Vikemarka skule og ei turngruppe i Ørsta har fått beskjed om å teste seg.

Onsdag kveld meldte Ørsta kommune om tre nye smittetilfelle. Desse er nærkontaktar og utløyser ingen nye nærkontaktar.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde torsdag.

Torsdag viser Helse Førde sine tal at to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta smitte.