Meiningar

Store planer for nytt hotell i Selje

Denne veka handsamar Stad kommunestyre nye hotellplanar for Selje sentrum. Investorane legg opp til eit gigantinngrep i strandsona.

Selje hotell Invest vil satse stort. Men dei legg opp til å ta minst mogleg risiko og tene mest mogleg sjølve, skriv Lars Berstad i dette innlegget.   Foto: Link ARKITEKTUR

Nyhende

Selje hotell Invest vil satse stort. Men dei legg opp til å ta minst mogleg risiko og tene mest mogleg sjølve. Å investere i hotell i dag, er eit tvilsamt prosjekt. Turismen og hotellnæringa fekk vind i segla då bilen vart allemannseige. No er bubilane allemannseige og hotellnæringa har mindre lønsemd. Selje hotell , som investorgruppa/entreprenørane vil nybyggje no, har lang historie. Wald Drageseth såg at Selje hadde bruk for eit hotell, så han tok vågnaden og bygde eit. Han fekk hotellkyndige til å drive det. Og, med eit sitat frå bygda: «Då han Wald såg kor gode ekteparet Berge var til å drive, selde han hotellet til dei». Kor mykje han sjølv tente på det, er vel uvisst, men for bygda Selje vart hotellet gull verd. Selje hotell blomstra i dei første åra.

Hotelldrifta vart eit livsverk for Gerd Kjellaug og Harald Berge. «Dei einaste i historia som har greidd å få folk til å kome strøymande til styggever». Så kom det nye eigarar inn. Som det står, fritt etter Njåls saga; «Ille bar dei seg åt, og lenge skal deira skam minnast». Etter eldspåsetjing og forsikringssvindel fekk dei rettnok dom og straff, men det er lita trøyst for ei bygd som enno er utan hotell.

Det har vore fleire interessentar til å byggje og drive hotell. Ingen har sett spade i jorda enno. Det er eit større og større sjansespel etter kvart som fleire og fleire turistar gjer som snigelen og kjem med huset sitt på ryggen. Og det er ikkje sniglefart på dei. Kjem dei den eine dagen, er dei vekk den neste. Selje har vel meir bruk for ei storstove med kafé og stor parkeringsplass enn for eit hotell. Branntomta ligg ubygd, som eit verkjande gnagsår i folkeaugene. Men den tomta og heile reina nordover, er ein draum for investorar. Investering er i mi verd at ein legg pengar i noko ein har tekt å tene på. Selje hotell Invest har førebels gjort få, men viktige førebuingar: Stad kommune flytter vekk frå doktorkontoret på området. Kommunen betaler sjølv nytt bygg på annan stad. (Var det nokon som snakka om investering her?) Dette er alt kome langt. Investorane legg opp til å byggje stort og høgt. I strandsona!! Paneda, som fekk overta den gamle sjukeheimen billig, har flytta ut av bygget og er med på utbyggingsplanane. Her skal rivast, og her skal det kome ferieleilegheiter, nokre for utleige og nokre for sal, er det tenkt. Planane er under arbeid. Kommunestyret har enno ikkje godkjent dei, men det kan skje torsdag. Investorane vil ha løyve til å endre bruksformålet når/om det viser seg at hotelldrifta ikkje er lønsam nok for investorane. Då kan dei selje seg ut ved å selje ferieleilegheiter med flott strandutsikt. Om dei får dette til, har dei ikkje teke nokon riskar med sin «risikovillige kapital». Dei som bur på hi sida av vegen, somme i fjerde og til og med femte generasjon ved Seljesanden, misser all utsikt. Sanden kan bli utan sol mange timar kvar dag. Utbyggingsområdet er midt mellom den nyrestaurerte prestegarden og naustmiljøet kring kyrkja. Kontrasten vert stor for seljeværingane. Men den som er einøygd innstilt på profittmaksimering, ser ikkje på slikt. For dei heiter det nok at dei «utviklar området». Som om det hittil er underutvikla. For meg er dette å vilje rasere eit sentralt og tradisjonsrikt miljø i ei bygd. Ille ber dei seg åt.

Heldigvis skal det fleire instansar inn i biletet. No får ein berre håpe at det ikkje vert fritt fram for dei som vil tene på dette, for då er det mange som taper.