Kva parti skal ein stemme på?

Lat oss ikkje sjå oss blinde på enkeltsaker og enkeltpersonar, men lyfte blikket og sjå på verdiane og verdiforankringa til dei ulike partia. Om du er usikker, vil eg seie at KrF sine verdiar står seg både no, og i framtida.

Ronald Dalsbø er gruppeleiar i Stad Kristeleg Folkeparti.  Foto: Privat

Nyhende

Dagens valkamp, til liks med tidlegare valkampar, handlar mykje om enkeltsaker og enkeltpersonar, noko eg meiner vert for nærsynt. Eg vil oppmuntre veljarane til å lyfte blikket, og sjå kva ideologi, verdiar og verdiforankring dei ulike partia har. Ei slik avklaring vil avgjere kva politikk partia har, og vil ha i åra som kjem, ikkje berre no og i enkeltsaker i ein valkamp. Og den avklaringa bør vidare avgjere kva parti vi skal stemme på ved årets val.

Lat oss sjå på nokre få aktuelle saker.

Formueskatten:

Venstresida/ opposisjonen i norsk politikk har i årets valkamp eit mantra; ulikskapen i Noreg aukar, dei rike dreg ifrå. Ja, skilnaden mellom dei aller rikaste og aller fattigaste i landet har nok auka litt, men er det nødvendigvis eit stort problem? Greia er vel at vi må prøve å lyfte dei som har minst, ikkje berre drage ned dei som har litt meir. Det at nokon kan verte rik i Noreg, korleis kan det i seg sjølv verte eit stort problem? Vel, eg trur at det er delvis fordi opposisjonen i norsk politikk ikkje har så veldig mykje anna å klage på, og delvis fordi nokre på venstresida i norsk politikk ikkje toler at enkelte lukkast betre enn andre.

Noreg fungerer, ting er stort sett på stell. Alt kan sjølvsagt verte betre, men å tru at det å skifte regjering vil fikse alt, det trur heldigvis ikkje alle på. Skal vi kunne lyfte dei fattigaste, noko alle parti er einige om, må nokon andre enn dei fattige sjølve kunne betale for det. Det at det kan løne seg å satse hus og heim og fritid i 10-15-20-30 år, for å prøve å starte og drive ei bedrift for å skape arbeidsplassar og verdiar, og så kunne hauste litt av innsatsen etter kvart, er vel ikkje noko stort «problem»? Det er tvert imot eit sunnhetsteikn for eit samfunn. Skal Noreg som nasjon og stat lukkast framover så er vi avhengig av privat initiativ og privat næringsliv, og at det løner seg å satse. Det at privat initiativ kan lukkast er faktisk ein føresetnad for at vi som nasjon kan ta vare på dei fattige i landet framover. Hugs at staten Noreg og det offentlege er i hovudsak ein utgiftspost, som rett nok gjev oss velferd, men denne velferda må nokon betale for. Der kjem privat initiativ og privat næringsliv inn i biletet, spesielt sidan oljeinntektene etter kvart vil minke. Private arbeidsplassar, ikkje berre offentlege. Å tru på partiet Raudt sin argumentasjon om at ein sterk stat skal hjelpe alle, er rein utopi. Staten lever ikkje av seg sjølv, den lever av privat initiativ, gründerskap, utviklingskraft og satsingsvilje, som gjev arbeidsplassar og verdiskaping. Difor er reduksjonen på «arbeidande kapital» i formueskatten som regjeringa har innført viktig, det er ikkje berre ein skattelette til dei rikaste. Det er litt trist å sjå at Arbeiderpartiet og faktisk til og med Senterpartiet hengjer seg på retorikken.

Venstresida og AP vil auke både denne og andre skattar, men ser ikkje at det då vil kvele ein god del privat initiativ og verdiskaping. Mantraet frå opposisjonen og AP er at dei rikaste i landet har fått skattelette. Realiteten er stort sett at «vanlege folk» som satsar hus, heim og fritid i årevis for å skape verdiar og arbeidsplassar har fått litt betre vilkår til å halde fram med nettopp det. Det er veldig viktig, det skapar arbeidsplassar og utvikling og det heiar eg og KrF på. Problemet i Noreg er ikkje at fleire vert rike, det at nokon lukkast er tvert imot eit teikn på at ting går bra. Problemet er at enkelte framleis er fattige. Vi veit at over 60% av desse i statistikken er innvandrarar, og den andelen vil sikkert auke. Der må vi setje inn tiltak for å hjelpe flest mogleg over fattigdomsgrensa, og der har KrF bidrege med mellom anna auka barnetrygd, auka eingongsstønad, auka kontantstøtte og innføring av fritidskort for barn og unge. Samtidig må vi forbetre integreringa med språkopplæring, arbeidslæring og utdanning slik at fleire innvandrarar kjem i arbeid.

Kontantstøtta:

Motstandarane av KrF sitt store gjennomslag frå 1997, kontantstøtta, hevdar fyrst og fremst at den er dårleg integreringspolitikk. At kontantstøtta held kvinner heime og utanfor arbeidslivet. Argumentasjonen går mellom anna på at det å betale folk for å «gå heime» vert feil bruk av offentlege pengar. Kontantstøtta utgjer 7500 kroner i månaden for eit barn mellom 1 og 2 år. Om barnet i staden går i barnehage, må staten ut med halvparten av kontantstøtta, og kommunen ut med resten. Kontantstøtta er ikkje dyrt for samfunnet, men den gjev reell valfridom for småbarnsfamiliane.

Fleire av partia vil heller ha ein sokalla ventestønad, der ein får stønad inntil ein barnehageplass er ledig i kommunen. For nokre vil ein barnehageplass longt vekke ikkje vere aktuell, då mister ein all stønad. Frå Arbeiderpartiet og sosialistane er dette både venta og kjend haldning. Familien, heimen og det å oppdra born i heimen har aldri vorte verdsett skikkeleg frå det haldet. Jens Stoltenberg forsnakka seg i ein debatt om kontantstøtte i 2001, «en kan jo ikke belønne de som velger feil», sa han. Det er liksom det «arbeidande mennesket» som har reell samfunnsmessig verdi. Det handlar om det store fellesskapet, den store staten, ikkje så mykje om familien og enkelt individet. For dei mest ihuga sosialistane ville nok det beste vere at staten tok seg av ungane så snart som mogleg og så mykje som mogleg, heilt fram til ferdig utdanna, som 20-25 åring. Gjerne frukost, lunsj, middag, lekse og kvelds i skule/ barnehage. Og då aller helst utan nokon form for «kristen» påverknad. Kanskje kunne ungane overnatte i skule/ barnehage og, slik at foreldra kunne gå utkvilde på arbeid…

For KrF er valfridom for enkelt mennesket og familiane viktig. Det å kunne ha god tid i heimen i lag med borna er viktig. Vi vil ikkje vere med på politisk og kollektiv ned snakking av foreldra sin avgjerd for seg og sine 1-åringar. Foreldra veit oftast best kva som er best for sine born, ikkje staten. Ulike familiar og ulike born treng valfridom for ulike løysingar. Arbeiderpartiet sin A4 løysing passar ikkje alle.

Eit anna viktig poeng er at utrekningar viser at ved å fjerne kontantstøtta vil 4000 fleire born i Noreg hamne under fattigdomsgrensa.

Abort:

SV, AP, Raudt, Venstre og MDG vil utvide grensa for sjølvbestemt abort. Kva er hovudgrunnen til det? Jo, kvinna sin moglegheit til sjølv å bestemme over eigen kropp, samt å fjerne nemndene. Abortlova frå 1978 handlar om balansen mellom kvinna sin sjølvrådetrett over eigen kropp og fosterets/ barnets rettsvern. Balansen mellom dei som meiner at barnet har ein livsverdi frå unnfanging, og dei som meiner at barnet har ein livsverdi fyrst ved fødsel, altså ytterpunkta i debatten. Grensa hamna då på 12 veker for sjølvbestemd abort.

Når SV, AP, Raudt, Venstre og MDG no vil utvide denne grensa til 16 veker,18 veker eller levedyktigheit (22 veker i dag), oftast grunna å fjerne nemndene, vitnar det etter mi meining om manglande forståing for viktige etiske dilemma. Nemndene det her er snakk om består av 2 doktorar som gjev råd til den gravide kvinna ved søknad om abort etter veke 12. Alle kvinner som står i ein situasjon der fosterets liv og død avheng av deira avgjerd, opplever sjølvsagt situasjonen som veldig krevjande. Den situasjonen må vi alle ta på alvor. Då treng kvinna hjelp og støtte, og at samfunnet har eit lovverk som set nokre grenser, ikkje berre å verte overlaten til seg sjølv.

Her kjem verdiforankringa til dei ulike partia inn, svak verdiforankring gjev svak verdiforståing. Kva skal vege tyngst, nokre dårlege opplevingar i nemnd? Det kan gjerast noko med, eller rettsvern og livsvern for det ufødde barnet? I denne saka vil KrF vere ei stemme for livsvernet til det ufødde barnet. Einig eller ueinig i sak, KrF si stemme i desse debattane og avgjerdene er viktig!

Klima/ miljø:

Klima- og miljøspørsmål har vorte viktig, også i denne valkampen. Det er bra, for det er eit viktig tema. Kor mykje av klimaendringane som er menneskeskapte kan nok framleis diskuterast, men vi må handle ut frå «føre var» prinsippet, og gå ut frå at vi kan bremse den uheldige utviklinga. Resultatet av klimaendringane rammar dessverre dei i verda som har minst, mest.

KrF vil føre ein smart klimapolitikk, der ein startar i rett ende og arbeider målretta mot rett utvikling. Norsk gass har til dømes vore avgjerande for at Polen og Storbritannia har kunne redusere sine utslepp med 40%, ved å byte ut kolkraft med norsk gass. Slik sett er norsk olje og gass ikkje berre eit problem, med faktisk ein del av løysinga med å redusere utslepp.

Noreg må også kutte utslepp, men med å stengje av norsk olje og gass for tidleg, vil vi oppnå lite eller ingen klimaeffekt, og heller ingen teknologieffekt. I tillegg vil det norske folk måtte ofre framtidig velferd på eit fiktivt alter. Ved å halde fram med norsk olje og gassproduksjon kan vi oppnå både klimaeffekt og teknologieffekt innan hydrogen, biodiesel, solenergi, vindenergi, batteriteknologi, CO2 fangst og lagring mm, som kan bety mykje for reduksjon av verdas utslepp framover. Personleg trur eg i tillegg vi ikkje kjem utanom kjernekraft som energikjelde nokre stader, om vi skal oppnå 1,5 graders måla i verda.

Vi treng smart klimapolitikk. Panikkarta og altfor radikal klimapolitikk vil ikkje redde nokon, men kan derimot skade monge, også i vårt land.

Monge andre saker og tema kunne vore med her, men innlegget er longt nok.

Som sagt, lat oss ikkje sjå oss blinde på enkeltsaker og enkeltpersonar, men lyfte blikket og sjå på verdiane og verdiforankringa til dei ulike partia. Om du er usikker, vil eg seie at KrF sine verdiar står seg både no, og i framtida. Godt val!