Meiningar

Frp: - Ei rasering av drosjenæringa i distrikta

Frank Willy Djuvik.  Foto: Frp

Nyhende

Til tross for at verken teknologi, ladekapasitet, straumkapasitet, eller serviceapparat for el-bilar er på plass i det meste av fylket, så vedtok idag politikarane i hovedutval for samferdsle i Vestland fylkeskommune å innføre krav om at drosjer frå oktober 2025 må være fossilfrie.

– Ei rasering av drosjenæringa i distrikta, meiner FrP.

Mot stemmene frå FrP sine to represantantar og Trym Aafløy (Uavhengig), vedtok hovedutval for samferdsle og mobilitet ei ny forskrift for drosjenæringa i Vestland Fylke.

I forskrifta vert det stilt krav om at alle drosjer registrert med inntil 9 passasjerar ikkje har utslepp frå forbrenningsmotor frå 1. oktober 2025. Tilsvarande forskrift var allereie vedteke for alle kommunane i tidlegare Hordaland frå og med april 2024, men etter framlegg frå FrP vart det fleirtal for å utsette dette kravet til oktober 2025.

I ei høyringsuttale frå Drosjenæringa i Sogn og Fjordane, peikar næringa på ei rekkje med utfordringar med innføringa av kravet. Først og fremst vert det peika på at det per no ikkje finst gode nullutsleppsalternativ til bilar med firehjulstrekk og større drosjer opp til 5 passasjerar. I uttalen vert det og peika på at det ikkje finst utbygd hurtigladekapasitet og heller ikkje er eit serviceapparat for elbilar i tidlegare Sogn og Fjordane.

- Slik som vi ser det, er det for tidleg å setje krav om el-bil for drosjar med meir enn 4 passasjerplassar. Om eit slikt krav skulle komme, vil det ramme dei som har bruk for tilrettelagd transport. Tal tilrettelagde bilar har alt minka til eit minimum p.g.a. omleggingar av avgiftssystemet, og vil minke ytterlegare om dette framlegget til miljøkrav vert vedteke, skriv Geir Tøfte i TTS Sogn og Fjordane i høyringsuttalen.

Framstegspartiet fremja forslag i tråd med drosjenæringa sine innspel, og ville vente med å innføre krav for bilar med over 4 passasjerar.

Det er viktig å lytte til dei som har skoen på, og når næringa er tydeleg på at dette kravet kjem for fort, og at føresetnaden ikkje er til stades, så må vi som politikarar lytte til det. Vi kan ikkje basere politikken vår på skrivebordsøvingar på fylkeshuset, men sjå kva realitetane er.

Drosjenæringa gjer langsiktige investeringar i bilar som skal vare og nedskrivast over fleire år. Det betyr at investeringar i køyretøy som skal gjerast allereie neste år og i 2023 må være i tråd med dei nye krava. Og vi er ikkje i nærleiken av å ha utbygd all infrastruktur og serviceapparat i distrikta innan den tid.

FrP er spesielt skuffa over at Senterpartiet gjekk saman med miljøpartia, og stemde for å innføre krav som heilt openbart vil svekke drosjenæringa i distrikta. – Dette syner at det er stor avstand mellom det Senterpartiet kommuniserer i valkampen om at dei er opptekne av gode tilbod i distrikta, og det dei gjer når det kjem til å innføre nye miljøkrav og restriksjonar som svekker livsviktige tilbod for spreidt busetnad.

Taxinæringa sjølv er tydeleg på at desse krava vil føre til reduserte tilbod og færre drosjer i distrikta. At SP og dei andre partia ikkje vil lytte til næringa, men heller er oppteken av å fatte symbolvedtak som ikkje har rot i virkeligheten, er både overraskande og skuffande. At Høgre og AP vedtek urealistiske miljøkrav og restriksjonar er på ingen måte overraskande, men eg trur dei fleste hadde trudd at ein kunne stole på at Senterpartiet ville ivareta drosjenæringa i distrikta sine interesser.

Saka vert no sendt vidare til Fylkestinget i Vestland for endeleg vedtak.