Sp utklassa dei andre på skulevalet ved Eid vgs

I dagens skuleval ved Eid vidaregåande skule var det Senterpartiet som gjekk sigrande ut. Ingen andre kunne måle seg med deira 23,7 prosent.

Møte mellom elevar og politikarar: Etter valdebatten var det valtorg, der elevane møtte ungdomspolitikarane. Her er f.v. Malene Berstad frå Innvik, Malin Myklebust frå Hornindal, Theo Solbakken Eide frå Haugen, Emil Drageset frå Olden og Steffen Melheim frå Olden som møtte Sp-politikar Emma Ness. No viser det seg at nettopp Sp gjorde det best ved skulevalet ved Eid vgs.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Sp auka også frå skulevalet i 2019 frå 21,1 til dagens 23,7 prosent. Dette viser ferske tal som vart lagt fram tysdag kveld frå Norsk senter for forskingsdata og Utdanningsdirektoratet.