Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve etter at 220 prøver vart analysert måndag.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 2120 prøver og 18 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte måndag 220 prøver og ei av desse analyserte prøvene var positiv. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Den positive prøva er tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

18 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, altså mellom måndag 30. august og måndag 6. september, har Helse Førde analysert 2120 prøver. Av desse 2120 analyserte prøvene har 18 vore positive.

Dagen med flest positive i løpet av desse åtte dagane er tysdag 31. august og torsdag 2. september. Søndag 5. september er einaste dag med berre negative prøver i denne perioden.

Måndag 30. august: 2 nye av 253 analyserte prøver

Tysdag 31. august: 4 nye av 429 analyserte prøver

Onsdag 01. september: 2 nye av 279 analyserte prøver

Torsdag 02. september: 4 nye av 412 analyserte prøver

Fredag 03. september: 3 nye av 297 prøver

Laurdag 4. september: 2 nye av 140 analyserte prøver

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Tysdag morgon er tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.