Smitteutbrot i fleire nabokommunar

To positive prøver i helga

Laurdag var to av prøvene positive, medan Helse Førde melder om ingen nye positive prøver søndag.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1956 prøver og 17 har vore positive.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Søndag 5. september analysert Helse Førde 90 prøver og ingen av prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Sist Helse Førde meldte om berre negative prøver var søndag 29. august. Då vart 56 prøver analysert.

Laurdag var to av 140 analyserte prøver positive, og fredag var tre av 297 analyserte prøver positive.

Smitte i Stryn

Stryn kommune melder om eit nytt smittetilfelle 4. september. Ifølgje Stryn kommune sine nettsider er vedkomande kjent nærkontakt, og har vore i karantene i smitteførande periode.

Smitte i Ørsta

I løpet av dei siste 14 dagane har over 100 personar i Ørsta fått stadfesta covid-19, og registrert smitta per 100.000 innbyggjar er 951,1. ifølgje VG sine tal. Ørsta er mørkeraudt på kartet.

Søndag fekk Ørsta kommune melding om sju nye smittetilfelle skriv kommunen på sine nettsider. Ei avdeling ved Dalane barnehage og ei ballettgruppe ved Ørsta og Volda ballettskule er råka. Desse sju er nærkontaktar til tidlegare kjende smittetilfelle.

Volda som ifølgje VG sitt kart er oransje på kartet, har dei siste 14 dagane hatt 11 registrerte smitta. Volda kommune er også råka av utbrotet i Ørsta, og søndag meldte kommunen på sine nettsider at ein ny person er smitta og stammar frå utbrotet. Dette gjer at to nye klasser ved Volda vidaregåande skule er råka. Søndag meldte Volda kommune også om eit smittetilfelle med ukjent smittekjelde. Teststasjonen er ikkje sikre på at det er ei reelt positiv prøve, og vedkomande skal testast igjen.

54 smitta i Vanylven

Det er også eit smitteutbrot i Vanylven, der 54 no er stadfesta covid-19 smitta. Blant dei råka er Hofseth i Syvde, melder Vanylven kommune på sine nettsider.

17 positive

Dei siste åtte dagane, mellom søndag 29. august og søndag 5. september, har Helse Førde analysert 1956 prøver. Av desse analyserte prøvene har 17 vore positive.

Tysdag 31. august og torsdag 2. september er dagane med flest positive prøver i denne perioden med fire positive. Søndag 29. august og søndag 5. september er dagar utan positive prøver.

Søndag 29. august: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 30. august: 2 nye av 253 analyserte prøver

Tysdag 31. august: 4 nye av 429 analyserte prøver

Onsdag 01. september: 2 nye av 279 analyserte prøver

Torsdag 02. september: 4 nye av 412 analyserte prøver

Fredag 03. september: 3 nye av 297 prøver

Laurdag 4. september: 2 nye av 140 analyserte prøver

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje ei komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.