Kretsligaen Måløy – Eid

Tafatt Eid-lag tapte på Skavøypoll stadion

Det var eit svært tafatt Eid-lag som tapte 2–1 for Måløy FK på Skavøypoll stadion søndag.

Bom: Eid hadde sjansen til å utlikne fem minutt før pause. Mads Wie brukar å vere sikker frå ellevemetersmerket, men her styrk ballen på utsida av høgre stolpe. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Etter dei fire første kampane i Kretsligaen avdeling 1. trona Eid åleine på tabellen etter å ha vunne dei alle kampane sine. Før oppgjeret mot Eid hadde Måløy FK tre kampar, ein siger, ein uavgjort og tap for Dale på heimebane i sesongpremieren. Berre siger mot Eid ville vere godt nok for heimelaget om dei skulle ha håp om å henge med i toppen av avdelinga, og ikkje sakke akterut i forhold til Studentspretten og Vik som laurdag vann sine kampar mot høvesvis Dale og Syril.