-Klar melding frå elevane til Sp-Erling

– Gi oss meir kunnskap om narkotika og rus, men ikkje avkriminalisering.

SP PÅ BESØK: Torsdag besøkte Senterpartiet Eid vidaregåande skule. F.v. fylkesleiar Sigurd Reksnes, rektor ved Eid vgs, Alf Reidar Myrstad, stortingskandidat Erling Sande og Dagny Nave frå Stad Sp.   Foto: Privat

Nyhende

Det var den klare meldinga frå elevar på Eid vidaregåande skule då Senterpartiet med stortingskandidat Erling Sande i spissen besøkte skulen på onsdag. Fleire av elevane var svært engasjerte. Og det skulebesøket som var tenkt å ha fokus på yrkesfag, fekk i staden eit stort engasjement om eit heilt anna tema.