To nye positive prøver  - ei av dei i Nordfjord

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 279 prøver vart analysert onsdag. Dette er tredje dagen på rad at Helse Førde melder om nye positive prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 2010 prøver og 18 har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 279 prøver og to av dei er positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Dei to positive prøvene er tatt i Stryn og i Sogndal. Helse Førde gjer ein derimot merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Ser ein på dei siste åtte dagane, mellom onsdag 25. august og onsdag 1. september, har Helse Førde analysert 2010 prøver. Av desse 2010 analyserte prøvene har 18 vore positive.

Har vore i utlandet

Stryn kommune melder på sine nettsider at personen som har testa positivt på covid-19 mest truleg har blitt smitta etter utlandsopphald, og har vore i karantene etter innreise. Nærkontaktar er varsla.

18 positive

I løpet av desse åtte dagane er dagen med flest positive prøver onsdag 25. august. Både fredag 27. august og søndag 29. august er dagar utan positive prøver.

Onsdag 25. august: 5 nye av 283 analyserte prøver

Torsdag 26. august: 3 nye av 314 analyserte prøver

Fredag 27. august: 0 nye av 210 analyserte prøver

Laurdag 28. august: 2 nye av 186 analyserte prøver

Søndag 29. august: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 30. august: 2 nye av 253 analyserte prøver

Tysdag 31. august: 4 nye av 429 analyserte prøver

Onsdag 01. september: 2 nye av 279 analyserte prøver

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Torsdag er to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.