Melder om to nye positive prøver

Helse Førde melder om to nye positive prøver etter at 253 prøver vart analysert.

I løpet av dei åtte siste dagane har Helse Førde analysert 1849 prøver og 15 av desse har vore positive.   Foto: arkiv

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 253 prøver og to av desse var positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dei to positive prøvene er tatt i Årdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

15 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom måndag 23. august og måndag 30. august, har Helse Førde analysert 1849 prøver og 15 av desse prøvene har vore positive. I denne perioden er onsdag 25. august dagen med flest positive prøver med fem positive. Måndag 23. august, fredag 27. august og søndag 29. august er dagar utan positive prøver.

Måndag 23. august: 0 nye av 180 analyserte prøver

Tysdag 24. august: 3 nye av 367 analyserte prøver

Onsdag 25. august: 5 nye av 283 analyserte prøver

Torsdag 26. august: 3 nye av 314 analyserte prøver

Fredag 27. august: 0 nye av 210 analyserte prøver

Laurdag 28. august: 2 nye av 186 analyserte prøver

Søndag 29. august: 0 nye av 56 analyserte prøver

Måndag 30. august: 2 nye av 253 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar die skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje er komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Smitteutbrot i Ørsta

Den siste veka har det blitt meldt om nye smittetilfelle i nabokommunane. I Ørsta og Volda er det meldt om fleire nye smittetilfelle. Volda kommune meldte 24. august at ei klasse ved Volda vidaregåande skule er råka. Det er også fleire lokale fotballag.

25. august meldte Volda kommune at ei klasse på Ørsta ungdomsskule og eit nytt fotballag er råka. Då oppmoda samtidig kommunen alle som hadde vore på Årneset i Volda kvelden 21. august om å teste seg ettersom det hadde vore fleire koronasmitta til stades.

26. august vart det meldt om fem nye smittetilfelle i Ørsta og Volda. Ei ny klasse ved Volda vidaregåande skule er råka, i tillegg til ei klasse ved Ørsta vidaregåande skule. Kvelden 26. august vart det også meldt om åtte nye tilfelle i Ørsta, der mellom anna ei ny klasse ved Volda vidaregåande skule, ei klasse ved Ørsta vidaregåande skule og eit handballag i Ørsta er råka.

Måndag denne veka fekk Ørsta kommune melding om to nye smittetilfelle. Smittevegen er kjend og kjem frå det pågåande utbrotet. Ifølgje Ørsta kommune fungerer det nye testregimet som alternativet til smittekarantene ikkje godt nok, og vil føre til at mange vert smitta unøding og at utbrotet vil vare i lenger tid. Ørsta kommune går difor med umiddelbar verknad ver til ordinær smittekarantene.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Helse Førde sine tal viser at ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmeldt på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.