Yrande fotballiv på Eid Stadion

Søndag var det eit yrande liv på Eid stadion, då dei yngste møttest til kamp.

kamp om ballen: Foto frå oppgjeret mellom Heia sin eldste og gjestane frå Tornado. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Kongleriket Miniputt er serieordninga for fotballens yngste utøvarar, organisert i turneringsform. Vårsesongen 2020 vart avlyst grunna koronasituasjonen, difor var det mange som var glade, spesielt spelarane, for at haustturneringane vart gjennomført som planlagt. Denne sesongen har blitt ein meir normalsesong. I samband med turneringane er det lagt opp til fire ulike tema. Fair play, Sunn idrettsmat, trafikktryggleik og miniputtar på lag med miljøet. Hovudfokuset søndag var Sunn Idrettsmat i tillegg til sjølve fotballkampane.