Ingen nye positive prøver

Helse Førde melder om berre negative prøver etter at 56 prøver vart analysert søndag.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1733 prøver og 14 av prøvene har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 56 prøver og alle var negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 22. august og søndag 29. august, analyserte Helse Førde 1733 prøver. 14 av desse har vore positive. Dagen med flest positive prøver denne perioden er onsdag 25. august med fem positive. Både måndag 23. august, fredag 27. august og søndag 29. august har Helse Førde meldt om berre negative prøver.

Søndag 22. august: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 23. august: 0 nye av 180 analyserte prøver

Tysdag 24. august: 3 nye av 367 analyserte prøver

Onsdag 25. august: 5 nye av 283 analyserte prøver

Torsdag 26. august: 3 nye av 314 analyserte prøver

Fredag 27. august: 0 nye av 210 analyserte prøver

Laurdag 28. august: 2 nye av 186 analyserte prøver

Søndag 29. august: 0 nye av 56 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar die skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje er komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt ti tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.