Miljø og klima er venta å gi store utslag i skulevalet i år

Denne veka går startskotet for skulevalet i år. – Resultatet er ein fin indikasjon på kor norsk politikk er på veg, seier valforskar Johannes Bergh.

Det nasjonale skulevalet har blitt arrangert i over 30 år. Skulevalet for vidaregåande skular i år er 6. og 7 september. Tysdag 7. september klokka 19 blir resultata publisert.   Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

Skulevalet ved dei vidaregåande skulane er 6. og 7 september, men ved nokre skular blir valet halde allereie kommande veke, frå 30. august. Resultatet blir publisert tysdag 7. september klokka 19.