Debatt

Eit retningsval - meir enn nokon gong

«Senterpartiets framgang har tvunge dei andre partia til å ta misnøgde veljarar i distrikta på alvor, tala vel om dei og lova gjera meir for dei i nærområda.»

Bjarne Bø.  

Nyhende

Dette vert sagt nærast på autopilot framfor kvart stortingsval. Likevel, i år vert det noko heilt spesielt. Skal Solberg-regjeringa få sin tredje periode på rad? I så tilfelle ville det vere ein sjeldan sterk prestasjon. Den anerkjenning skal regjeringa ha, den har fått gjennomført overraskande mykje reinspikka blå-blå politikk. Høgre og Frp bør dele noko av «æra» med partnarane Venstre og Krf, som lojalt har støtta opp om New public mangment-tenkinga.

Den radikale kursendringa under regjeringa Solberg har naturlegvis ført til sterke reaksjonar. På Stortinget har Senterpartiet teke rolla som det leiande opposisjonspartiet. Den folkelege oppstanden kringom i landet mot den massive sentraliseringspolitikken regjeringa fører, har partiet teke inn i nasjonalforsamlinga og målbere med kraft og styrke. Dette har veljarane merka seg. Det er freistande å hevde at det er Senterpartiet sin framgang på meiningsmålingane som gjer at distriktspolitikk endeleg har fått den merksemd den fortener og treng. Alle parti på Stortinget har no skjerpa fokus monaleg på distriktspolitikk i sine valprogram. Uansett grunn - flott!

Spaltist Andreas Hompland i Dag og Tid seier det treffande: «Senterpartiets framgang har tvunge dei andre partia til å ta misnøgde veljarar i distrikta på alvor, tala vel om dei og lova gjera meir for dei i nærområda.»

Jordbruksopprøret som braut ut med enorm kraft og energi i vår, kom truleg overraskande både på regjeringa og opposisjonen. Det burde det ikkje. Uvêrsskyene har vore synlege over lang tid. Noko av det første regjeringa tok tak i etter valsigeren, var å sleppe laus Frp, med landbruksminister Sylvi Listhaug som sjefideolog til å liberalisere landbrukspolitikken. Konsesjonsgrensene vart heva dramatisk m.a. Volum, volum vart den «nye vinen» for å styrke økonomien i næringa. Så ulike forhold som norsk matproduksjon lever under, kunne denne liberaliseringa ikkje tene distriktslandbruket i sum. Jordbruksoppgjeret har avdekka at mange av dei store «robuste» bruka og slit. Eg forventar at ei ny regjering tek tak og formar ein ny landbrukspolitikk som tettar inntektsgapet innan neste stortingsval. Vår matvareberedskap treng at både store og små einingar i vårt langstrakte land vert verdsett!

FNs klimarapport vart framlagt nyleg. Den har fått mykje merksemd. Med rette! Klimaendringane går raskare enn ein til no har rekna med. Senterpartiet har til liks med stortingsfleirtalet stilt seg bak Parisavtalen sine klimaforpliktingar. Regjeringa sitt hovudgrep er ein varsla tredobling av CO2-avgifta. Senterpartiet vil nytte andre verkemiddel som ikkje eintydig råkar distrikta og dei med dårlegast råd hardast. Les Sp sitt program om klima, side 13-21. Klimapolitikken må bidra til utvikling av nye arbeidsplassar, ikkje auke sosiale og geografiske forskjellar! Skal Noreg lukkast med å innfri parisavtala, må verkemidla råke slik at folk flest føler dei er rimeleg fordelte. Utan sterk lojalitet til tiltaka vil ein ikkje lukkast. Senterpartiet sine klimatiltak trur eg er både effektive og kan få brei oppslutnad!

Senterpartiet har i opposisjon og i partiprogram målbere tydeleg kvifor regjeringsskifte er eit overordna mål. Ei Sp/Ap-basert regjering går partiet til val på. Sp går ikkje i regjering med MDG og Raudt! Eg meiner at ligg det ikkje til rette for partiet sitt førsteval, bør modellen frå 2013 leitast fram. Bruk røysteretten og godt val!