Valdebatt ved Eid vgs.

- Vi skal absolutt stemme ved valet

– Vi skal absolutt stemme ved valet. I dag fekk vi litt meir innblikk i kva partia står for, og så har vi fått bekrefta ein del, seier elev Theo Solbakken Eide frå Haugen.

MØTE: Etter valdebatten var det valtorg, der elevane møtte ungdomspolitikarane. Her er f.v. Malene Berstad frå Innvik, Malin Myklebust frå Hornindal, Theo Solbakken Eide frå Haugen, Emil Drageset frå Olden og Steffen Melheim frå Olden som møtte Sp-politikar Emma Ness.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Dei over 400 elevane ved skulen var samla til valdebatt i Operahuset tysdag. Her stilte partia Sp, V, Raudt, Ap, H, MDG, SV og KrF til frisk debatt. På dagsorden stod tema som fullføringsreforma, distriktsbygging, miljø og klima og rusreforma. Ungdomspolitikarane gjorde sitt beste for å overbeviste elevane om kva parti ein må stemme på ved Stortingsvalet om få veker.