Ny meiningsmåling

Olve Grotle og Alfred Bjørlo inne

Dersom Kantar si meiningsmåling for TV2 den 25. august  hadde vore valresultatet ville Olve Grotle (H), Alfred Bjørlo (V), Erling Sande (Sp) og Torbjørn Vereide vore stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane den komande fireårsperioden.

På Kantar si meiningsmåling for TV2 er Olve Grotle, listetopp for Sogn og Fjordane Høgre, inne på Stortinget.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Målinga fortel oss også at den raudgrøne sida, Ap, SV, Sp, Raudt og MDG ville fått 100 mandat, medan den borgarlege sida, Høgre, Venstre, KrF og Frp, ville fått 69. Det ville bety eit regjeringsskifte, om partia står ved det dei har sagt så langt i valkampen.