VG: To nye personar frå Stad er smitta

Helse Førde melder om fem nye positive prøver

Helse Førde melder om nye positive prøver etter at 283 prøver vart analysert onsdag.

Så langt denne veka har Helse Førde meldt om åtte positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

VG sine oppdaterte tal viser at det i går 25. august vart registrert to nye personar frå eller i Stad vart registrert stadfesta covid-19 smitta. VG bruker smittetal frå FHI, som plasserer dei smitta etter kvar dei er folkeregistrert. Kommunane tel ofte dei som bur i kommunen eller oppheld seg i kommunen.

Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er desse to registrerte tilfella personar som er folkeregistrerte i Stad, men som oppheld seg andre stadar.

Dei siste 14 dagane har fem personar i og frå Stad blitt registrert smitta av covid-19. Per 100.000 innbyggjar er dette 52,5. No viser kartet til VG at Stad har gått frå mørkegult til oransje. Av nabokommunane til Stad er det no berre Bremanger som er gult på kartet. Stad, Vanylven, Volda og Ørsta er oransje. Kinn, Gloppen og Stryn er raude.

Totalt har 188 personar i og frå Stad hatt stadfesta covid-19 smitte.

Fem positive

Onsdag analyserte Helse Førde 283 prøver og fem av desse var positive. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde. Dei fem positive prøvene skal vere tatt i Fjaler og Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Så langt denne veka har åtte prøver vore positive. I tillegg til dei fem positive prøvene onsdag, var tre prøver positive tysdag.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom onsdag 18. august og onsdag 25. august, har Helse Førde analysert 1975 prøver. Av desse 1975 prøvene har 28 vore positive. Mellom 18. august og 25. august er dagen med flest positive prøver torsdag 19. august med seks positive. Måndag 23. august er einaste dagen med berre negative prøver.

Onsdag 18. august: 5 nye av 218 analyserte prøver

Torsdag 19. august: 6 nye av 294 analyserte prøver

Fredag 20. august: 3 nye av 308 analyserte prøver

Laurdag 21. august: 5 nye av 188 analyserte prøver

Søndag 22. august: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 23. august: 0 nye av 180 analyserte prøver

Tysdag 24. august: 3 nye av 367 analyserte prøver

Onsdag 25. august: 5 nye av 283 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar die skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje er komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon er det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

To av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Onsdag var det totalt ni tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte, men torsdag viser tala til Helse Førde ti tilsette som er smitta.

Ny rekord

Det siste døgnet er det registrert 1294 koronasmitte i landet. Dette er ny smitterekord i Norge. Den førre smitterekorden var på 1155, og vart registrert 16. mars i år.

Totalt har 152.119 personar i Norge testa positivt for covid-19 sidan pandemien starta.

Onsdag var det 56 koronapasientar som var innlagde på sjukehusa rundt om i landet. Sju fekk behandling i respirator.