Møt Erling Sande – Listetopp for Senterpartiet i Sogn og Fjordane

– Levande lokalsamfunn og tenester nær folk

– Det politiske prosjektet vårt er at det framleis skal bu folk i heile landet. Grunnen til at vi seier det slik har samanheng med at det ikkje er ein sjølvsagt ting at det skal halde fram å vere slik. Senterpartiet vil føre ein politikk som gjer at folk på fritt grunnlag kan velje kvar dei vil bu, enten det er i tettstadar, småbyar, bygder eller storbyar.

Listetopp: Erling Sande, som opphavleg kjem frå Davik og som no er busett på Vereide i Gloppen kommune, er Senterpartiet i Sogn og Fjordane sin 1.-kandidat til Stortinget. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Det seier Erling Sande, Senterpartiet (Sp) i Sogn og Fjordane sin listetopp ved Stortingsvalet den 13. september.