VG: Ny person frå Stad registrert smitta

VG sine tal viser at ein ny person i eller frå Stad er registrert stadfesta covid-19 smitta. Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er dette truleg ein person som er folkeregistrert i Stad, men som oppheld seg ein annan plass.

Totalt 186 personar i og frå Stad har blitt registrert stadfesta covid-19 smitta, viser VG sine tal.  

Nyhende

VG sine oppdaterte tal onsdag viser at ein ny person i eller frå Stad vart registrert stadfesta smitta av covid-19 tysdag. VG bruker smittetal frå FHI, som plasserer dei smitta etter kvar dei er folkeregistrert. Kommunane tel ofte dei som bur i kommunen eller oppheld seg i kommunen.

Fjordabladet har vore i kontakt med kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld, som ikkje har informasjon om ny smitte i Stad.

– Eg reknar med dette er ein person som er folkeregistrert i Stad, men som oppheld seg og har testa positivt ein annan plass i landet, seier han.

I løpet av dei 14 siste dagane, har fire personar i Stad fått stadfesta covid-19, noko som per 100.000 innbyggjarar er 42,0.

Ifølgje VG er det no totalt 186 personar i og frå Stad som har hatt stadfesta covid-19 smitte. Stad er mørkegult på VG sitt kart. Det er også nabokommunane Bremanger, Volda og Ørsta. Stryn, Kinn, Gloppen er raudt på kartet. Vanylven er oransje.