Tre nye positive prøver

Onsdag morgon melder Helse Førde om tre nye positive prøver etter at 367 prøver er analysert. Dette er første dag denne veka der Helse Førde melder om positive prøver.

SMITTETAL: Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 2097 prøver og 50 av desse har vore positive.   Foto: ARKIV

Nyhende

Helse Førde analyserte 367 prøver tysdag og tre av desse er positive. Dette viser dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag morgon. Dei tre positive prøvene er tatt i Kinn, Stryn og Årdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller folkeregistrert adresse.

Tysdag er første dag denne veka der Helse Førde har meldt om positive prøver, etter at ingen av prøvene var positive måndag.

Nærkontakt

Ifølgje Stryn kommune sine nettsider fekk dei tysdag beskjed om at ein ny person hadde testa positivt på covid-19. Personen skal vere kjend nærkontakt og skal ha vore i karantene i smitteførande periode. Stryn kommune skriv også at dei ventar framleis svar på fleire av testane som vart tatt måndag.

50 positive

Ifølgje Helse Førde sine tal har helseføretaket analysert 2097 prøver dei siste åtte dagane, mellom tysdag 17. august og tysdag 24. august. Av desse analyserte prøvene har 50 vore positive.

Dagen med flest positive i denne perioden er tysdag 17. august med 27 positive etter at 405 prøver vart analysert. Måndag 23. august er einaste dag med berre negative prøver i løpet av desse åtte dagane.

Tysdag 17. august: 27 nye av 405 analyserte prøver

Onsdag 18. august: 5 nye av 218 analyserte prøver

Torsdag 19. august: 6 nye av 294 analyserte prøver

Fredag 20. august: 3 nye av 308 analyserte prøver

Laurdag 21. august: 5 nye av 188 analyserte prøver

Søndag 22. august: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 23. august: 0 nye av 180 analyserte prøver

Tysdag 24. august: 3 nye av 367 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar die skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje er komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Fire tilsette

Tala til Helse Førde viser også at fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Det er totalt ni tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 smitte.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.