Ni positive prøver i helga

Måndag morgon melder Helse Førde om ni nye positive prøver tatt i helga.

Helse Førde melder om ni nye positive prøver i helga.   Foto: arkiv

Nyhende

Fredag, laurdag og søndag har Helse Førde analysert totalt 633 prøver og ni av desse har vore positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Fredag var tre av 308 analyserte prøver positive, laurdag var fem av 188 positive prøver positive og søndag var ei av dei 137 analyserte prøvene positive.

Den positive prøva søndag er tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

58 positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 15. august og søndag 22. august, har Helse Førde analysert 1936 prøver. Av desse analyserte prøvene har 58 vore positive viser Helse Førde sine tal. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er tysdag 17. august med 27 positive prøver. Søndag 22. august er dagen med færrast positive prøver i denne perioden med ei positiv prøve.

Søndag 15. august: 3 nye av 115 analyserte prøver

Måndag 16. august: 8 nye av 271 analyserte prøver

Tysdag 17. august: 27 nye av 405 analyserte prøver

Onsdag 18. august: 5 nye av 218 analyserte prøver

Torsdag 19. august: 6 nye av 294 analyserte prøver

Fredag 20. august: 3 nye av 308 analyserte prøver

Laurdag 21. august: 5 nye av 188 analyserte prøver

Søndag 22. august: 1 ny av 137 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar die skal sende koronaprøver som er tatt, og difor kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Prøver som ikkje er analysert i Helse Førde er ikkje med i tala til Helse Førde, så dette er ikkje er komplett liste over prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Totalt ni tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19 smitte.