Dette er status: smitte i fleire barnehagar og skular

Fleire nabokommunar er raude

Medan Stad kommune no er gult på kartet, er fleire av nabokommunane raude.

Dei siste 14 dagane har fleire av nabokommunane til Stad meldt om nye smittetilfelle. Fleire av desse smittetilfella er i barnehagar og skular.  

Nyhende

Mellom 8. til 13. august hadde Stad kommune stigande smittetrend og var raudt på kartet til VG. Frå 15. august har Stad derimot hatt ein flat smittetrend og er no merka mørkegult på kartet. I løpet av dei siste 14 dagane har tre personar i eller frå Stad blitt registrert stadfesta smitta av covid-19. Per 100.000 innbyggjarar er dette 31,5. Sist ein person frå Stad kommune vart registrert stadfesta covid-19 smitta var 17. august.