Derfor bør du stemme Høgre til hausten

Olve Grotle er listetopp for Høgre i Sogn og Fjordane.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dei neste vekene skal hundretusen av nordmenn bestemme seg for kva dei skal stemme til hausten. Kven har dei beste løysingane for skulen? Kven kan få ned helsekøane? Og kven kan få tilbake veksten i næringslivet?

Akkurat nå synes kanskje mange det ikkje er så lett å svare på desse spørsmåla. Vi snakkar mykje om skatt, klima og utanrikspolitiske saker. Men vi kan ikkje gløyme dei sakene flest opplever som viktigast dette valet. Skule, helse og arbeidsplassar.

Dette valet må handle om kven som kan tette kunnskapshola i skulen, få ned helsekøane og å sikre at folk har ein trygg og god jobb å gå til.

La oss ta skulen først. Der står valet mellom ei venstreside som vil fjerne lekser, eksamen, kartleggingar, fråværsgrensa og faglege krav til lærarane. Samtidig vil dei prioritere pengar til skulemat. Det meiner vi i Høgre er ei feil prioritering.

Når TikTok og sosiale medium tar meir plass i kvardagen for elevane, då må kunnskapen og læringa ta større plass i skulen. Derfor ønsker Høgre ein skule med ei fråværsgrense, tydelege krav til fagleg kompetanse hos lærarane, tett oppfølging av elevane og tilpassa undervisning.

Dette valet må òg handle om helsepolitikk. For sjølv om helsevesenet vårt er godt. Best i verda, faktisk, er det for mange som opplever helsevesenet som for A4. Som ikkje blir møtt med forståing, og ikkje klarer å finne eit tilbod som passar dei.

Medan venstresida berre vil nytte statlege tilbod innan helse, og ta frå mange fridommen til å velje behandlingsstad, vil Høgre la pasienten velje. For Høgre er det sjølvsagt at den enkelte veit best kvar dei vil behandlast for ete-forstyrringar, få kreftbehandling eller få hjelp med smertelindring. Behandlinga i Noreg skal betalast av staten, men skal veljast av den enkelte.

Så har vi debatten om arbeid. Kanskje den viktigaste debatten i heile valkampen. Medan venstresida vil sende ei skatterekning på minst 20 milliardar kroner ekstra til norskeigde bedrifter, vil Høgre gjere det lettare å skape meir. Vi vil innføre grunderpermisjon, skattefrådrag for unge, fasttrack-ordning for industri i vekst og fjerne unødvendige reguleringar som gjer det vanskeleg å etablere seg i Noreg. Slik sikrar vekst og fleire arbeidsplassar, og slik kan vi inkludere fleire i arbeidslivet.

Skal vi løfte Noreg ut av krisa og få tilbake veksten i samfunnet, treng vi den beste statsministeren til å gjere jobben. Dersom du òg ønsker Erna Solberg som statsminister, då må du òg stemme på Høgre.