Kretsligaen avd. 1 Eid – Studentspretten

Solid 1. omgang sikra tre viktige poeng og tabelltopp

Ein svært solid 1. omgang av heimelaget, sikra tre viktige poeng og full pott til Eid etter dei tre første kampane i årets serie. Eid toppar med det tabellen i avdeling 1. i Kretsligaen.

Opna: Mads Wie sette inn det første målet i kampen. Frisparket frå 18 meter sett han forbi Studentspretten sin mur og direkte i mål.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

‒ I første omgang viste laget seg frå si beste side. Det er nok den beste omgangen vi har spelt så langt i år, og det mot det beste laget vi har møtt så langt, sa Dan Jøran Hafsås, trenar for Eid, då dommar Stein Otte Førde blåste av etter dei første 45. minuttane på Eid Stadion laurdag ettermiddag.