MØT TORE STOREHAUG – KrF SIN LISTETOPP I SOGN OG FJORDANE

–Vi må slå ring om dei gode sosiale fellesskapa

– Menneskeverd betyr at alle menneske har ukrenkeleg verdi, og at samfunnet blir fattigare dersom det ikkje blir gitt rom for mangfald. Politikken som blir ført skal sette mennesket i sentrum. Kristeleg Folkeparti (KrF) arbeider for samfunnsmessig likestilling av alle menneske, uavhengig av utgangspunkt.

Gjevande år: Tore Storehaug har vore Kristeleg Folkeparti sin finanspolitiske talsperson i denne stortingsperioden. – Veldig gjevande og lærerikt, seier læraren frå Askvoll.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Tore Storehaug som fekk utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane og kom inn på Stortinget ved valet i 2017. I denne stortingsperioden har Tore vore medlem av Stortinget sin finanskomité. I tillegg har han vore KrF sin finanspolitiske talsmann.