Haugen – Stadlandet:

Målkalas i opningskampen for Haugen

Oppgjeret mellom Haugen og Stadlandet vart eit målrikt oppgjer. I tillegg vart det også debutantane sin kamp.

Tomålsscorar: Kai-Arne Nord Humborstad, midt i biletet med ball, starta sesongen på benken for Haugen, men då han kom inn på banen let han seg ikkje be to gonger når han lukta malsjansar. To av Haugen sine åtte mål var signert den målfarlege kantspelaren. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det første kvarteret av kampen var prega av at dette var den første seriekampen på nesten to år. Men det var nok litt meir fasong over Haugen enn det var over Stadlandet i den første omgangen på Klenkarberget. At det vart slik kan også skuldast at begge lag stilte med mange debutantar. Haugen med fem og Stadlandet med fire. Banens yngste spelar var Bjørn Fløde som fyller 15 år litt seinare på året.