SFO må bli rimelegare for alle, og gratis for førsteklassingane

SFO: F.v. Marie-Helene Marie-Helene Hollevik Brandsdal, Torbjørn Vereide og Egil Natvik Vestrheim, Stortingskandidatar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.foto: Jostein Vedvik 

Nyhende

SFO er utruleg viktig. Ein plass å vere etter skulen, leike og få seg venner. Men det er ikkje alle familiar som har råd til å sende barna sine i SFO.

Det tykkjer vi er urettferdig, for det er jo kanskje dei barna som treng det aller mest. Nettopp derfor er vi utruleg glad for at Arbeidarpartiet ønskjer å gjere SFO-en rimelegare for alle, og gratis for førsteklassingane.

SFO er ein av dei viktigaste arenaene for fellesskap og aktivitet for barna våre. Likevel veit vi at 100 000 barn mellom 6 og 10 år ikkje får vere med i SFO. Mange av desse deltek ikkje fordi tilbodet er for dyrt. I motsetnad til barnehageplass, så mottek ikkje kommunane noko statleg støtte for SFO. Tilbodet er finansiert av foreldrebetaling.

Det er store forskjellar på kor dyrt dette er, men enkelte sted kan månadsprisen for SFO-plass vere over 4000 kroner. Til samanlikning er maksprisen i barnehagen på 3230 kroner. Ein anna forskjell på barnehage og SFO er at sistenemnte ikkje tilbyr søskenmoderasjon. Om ein har fleire barn kan dette rett og slett bli for dyrt.

Dette heng også saman med å sikre fleire heiltid. Mange av foreldra som må køyre dei minste barna til skulen, får ein umogleg kabal utan SFO dersom ein må reise på jobb før skulen startar, og skal jobbe til 16. For nokre familiar blir den einaste løysinga at ein må gå ned i stillingsprosent. Det er verken bra for samfunnet eller familieøkonomien.

I tillegg til rimelegare SFO, så ønskjer vi og eit løft for kvaliteten. Her må vi satse meir på dei tilsette. Sikre fleire heile stillingar og gi dei ein arbeidsdag som heng saman. Vidare er må vi i samarbeid med partane sørge for at dei tilsette får eit betre tilbod for å få fagleg påfyll. Vi har nokre dyktige tilsette, og dei må vi ta vare på.

Alle barn fortener ein trygg og inkluderande plass å vere etter skulen. Difor vil vi investere meir i kvaliteten, så skal vi sikre at SFO blir rimelegare for alle og gratis for førsteklassingane. Og det håper vi du er samd i.