Ingen kvinner på stortingsbenken frå Sogn og Fjordane

For første gang sidan 1969 ser det ut til å bli berre menn på Stortinget frå vår valkrins etter valet.

DEN EINASTE: Sogn og Fjordane valkrins kan bli ståande utan kvinnerepresentasjon på Stortinget for første gong sidan 1969. Dersom det ikkje skal skje, så må Hege Lothe gjere eit godt val. Sist SV hadde nokon frå Sogn og Fjordane, var Heidi Grande Røys frå 2001 til 2005.   Foto: Tormod Flatebø

Seks kvinner frå Sogn og Fjordane har gjennom tidene representert fylket på Stortinget, mot 100 menn

Nyhende

Det er i alt reelt sett ni parti som kjempar om dei fire stortingsplassane frå Sogn og Fjordane. Av dei ni listetoppane er det berre ei kvinne – Hege Lothe (SV). Til overmål har to parti; Senterpartiet og Høgre prestert å ha to menn på dei to første plassane på listene sine. Seks parti har menn som listetoppar, og kvinner på andreplass. Såleis vert kjønnsfordelinga på stortingsbenken historisk skeiv.