Ny person i Selje er koronasmitta

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist koronasmitte.

Ein ny person er stadfesta koronasmitta etter testing i Selje, opplyser Thomas Vingen Vedeld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Onsdag kveld synte resultat frå testing gjort i Selje tysdag at ein ny person har testa positivt for korona.

Også denne personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar, og smittesporinga er avslutta.

- Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom. Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom, påpeikar kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.