Ein ny smitta i Stad

Ein ny person i Stad har torsdag kveld fått påvist korona.

Ein ny person er koronasmitta i Selje.  Foto: Ill.

Nyhende

Vedkomande er sett i isolasjon etter påvist koronasmitte.

Den smitta vart testa i Selje tysdag, og torsdag kveld synte resultatet at person har testa positivt for korona.

Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein tidlegare smitta i same husstand. Det er ingen nye nærkontaktar og smittesporinga er avslutta.

- Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom. Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.