– Nedstenginga har ført til inaktivitet og dårlegare helse

I Sogn og Fjordane er det ikkje spelt ein seriekamp for dei over 20 år på 22 månader. Laurdag vart dei første obligatoriske seriekampane avvikla. ‒ Det er på høg tid at vi kjem i gong. Nedstenginga av breiddeidretten har vore ein skandale, seier Svein Olav Myklebust som har vore dagleg leiar i Sogn Fjordane Fotballkrets sidan 1986.

Vore flinke: Idrettsrørsla har tatt pandemien og smittesituasjonen på alvor. Norges Fotballforbund (NFF) har vore utruleg gode på tiltak, smittevern og informasjon. I tillegg har klubbane har også vore svært flinke til å stille opp, Svein Olav Myklebust som meiner nedstenginga av breiddeidretten er bortimot ein skandale. Begge foto: Tormod Flatebø 

Det er på høg tid at det blir oppretta eit eige idrettsdepartement

Nyhende

Vi overdriv ikkje når vi seier at Svein Olav er langt over snittet samfunnsengasjert. Idrettens og spesielt fôrballens kår i samfunnet står sentralt, men det er langt frå alt som engasjerer han.