Møt Alfred Bjørlo – Listetopp Sogn og Fjordane Venstre

– Eg er framtidsoptimist

– Skal vi utnytte dei moglegheitene vi har til utvikling og vekst, treng vi ei sterk distriktspolitisk røyst nasjonalt. Eg meiner eg er ei slik røyst som kan løfte det vi har fått til i Stad kommune inn i nasjonal politikk. Eg kan love at eg har tenkt å reise til Oslo og Stortinget for å få ting gjort, ikkje for å sitje stille.

Framtidsoptimist: Eg er framtidsoptimist. Ikkje minst på Distrikts-Norge sine vegner. I løpet av dei to siste åra har det skjedd mange viktige ting. Koronatida har opna augo til mange som no ser at statlege arbeidsplassar nærast kan ligge kor som helst. Eg har stor tru på at alle kan leve gode liv i heile landet om vi brukar teknologien til å skape nye mogelegheiter i heile landet, seier Alfred Bjørlo som Sogn og Fjordane Venstre sin 1.-kandidat til Stortinget.  Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Det seier Alfred Bjørlo. 1.-kandidat for Sogn og Fjordane Venstre til Stortingsvalet den 13, september.