To testa positivt i Selje

To nye personar er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.
Nyhende

Det melder Stad kommune og viser til at smittetilfella er i Selje.

Laurdag kveld synte resultat frå testing gjort i Selje fredag at to nye personar har testa positivt for covid-19. Begge personane var allereie i karantene som nærkontaktar til ein tidlegare smitta. Smittevegen er kjent. Kartlegging laurdag kveld viser at det ikkje er nye nærkontaktar i samband med dette. Smittesporinga er avslutta.

Det manglar enno nokre svar på prøver tatt fredag. Svar på desse er venta søndag.

Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.

Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom.