Slik jaktar Noreg på vaksinedosar i Europa

Helseminister Bent Høie røper at regjeringa forhandlar med fleire land i Europa om å byte eller kjøpe ekstra vaksinedosar. Lykkast dei, kan vaksinetempoet auke.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) fortel at regjeringa jobbar for å få til fleire vaksineavtalar med land i Europa slik at vaksineringa går raskare.  Foto: Berit Roald

Nyhende

Frå valkampturneen i Trøndelag førre veke kunne statsminister Erna Solberg (H) presentere gladnyheita om at Noreg får over 258.000 ekstra dosar av Pfizer-vaksinen frå Bulgaria og Romania. Veka før lykkast det Noreg å byte til seg 100.000 Pfizer-dosar frå Litauen.