85 prosent har fått første vaksinedose i Stad

I Stad har no 85 prosent av alle innbyggjarar over 18 år fått første vaksinedose, og 47 prosent av alle over 18 år er fullvaksinerte.

‒ I tida framover reknar Stad kommune med å ha god tilgang til vaksinar, og no får kommunen lov til å bruke tilgjengelege vaksinar til å framskunde tidspunktet for andre vaksinedose, melder kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I tida framover reknar Stad kommune med å ha god tilgang til vaksinar, og kommunen får no lov til å bruke tilgjengelege vaksinar til å framskunde tidspunktet for andre vaksinedose.