Debatt

No handlar det om EØS

Ein norsk søknad om EU-medlemskap i komande stortingsperiode er ikkje aktuell politikk – verken frå Venstre si side eller frå noko anna parti eg veit om.

Ved haustens stortingsval er det ja eller nei til EØS-avtalen det handlar – ikkje norsk EU-medlemskap, skriv Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane til Stortinget.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Tidlegare Sp-politikar Dag Austring kan dette med voldsomme personangrep. Sist gong (i mai) var det Sp sin noverande gruppeleiar i Stad, Paul Jacob Helgesen, det gjekk ut over i ein tirade i lokalavisene frå Austring om bruk av fyllmasser frå Stad Skipstunnel, med urettmessige og urimelege påstander om Helgesen. Denne gongen er det underteikna som får gjennomgå i innlegg i Fjordabladet frå Austring på tilsvarande urimeleg grunnlag – der heile tiraden er bygd på ein feilaktig påstand om at eg vil på Stortinget for å melde Noreg inn i EU.


Meiningar

Toppen av frekkheit, Bjørlo

Det vert ikkje nokon enkel oppgåve Alfred Bjørlo, når du skal reise rundt i Sogn og Fjordane i valkampen og forsvare at Venstre har landsstyrevedtak på at Norge skal melde seg inn i EU.


For å slå det fast med ein gong: Det er ikkje sant. Ein norsk søknad om EU-medlemskap i komande stortingsperiode er ikkje aktuell politikk – verken frå Venstre si side eller frå noko anna parti eg veit om. Det er ikkje EU-medlemskap det handlar om dei neste fire åra. Det er ja eller nei til EØS-avtalen.

Og her skil Venstre og Sp lag. Venstre vil slå ring om EØS-avtalen, fordi EØS-avtalen er vårt viktigaste grunnlag for næringsutvikling og vekst på Vestlandet. Då er Senterpartiet sin medisin - å trekkje seg ut av EØS-avtalen til fordel for ein heilt teoretisk ny handelsavtale som EU sjølv seier er «fri fantasi» - heilt feil. Å seie opp EØS-avtalen er hasardspel med norske distriktsarbeidsplassar. Ikkje minst i dei viktige kystnæringane.

EU er vår viktigaste handelspartnar, og har i tillegg nettopp lansert ein felles klimaplan for Europa. For Venstre er det openbart at næringslivet i Sogn og Fjordane ikkje har råd til å stå utanfor Noregs viktigaste handelssamarbeid og verdas viktigaste klimasamarbeid. For det er her eksportmarknaden vår er. Og det er EØS-avtalen som gjev våre verksemder mogelegheiter. Og vi treng sterkare, ikkje svakare, internasjonale samarbeidsavtaler for å løyse klima- og naturkrisa.

Trygge arbeidsplassar er viktigare enn nokon gong, etter over halvanna år med pandemi. Venstre vil leggje til rette for fleire nye arbeidsplassar, grøn teknologiutvikling og eksport. Det er berebjelken for busetjing og gode lokalsamfunn på Vestlandet. Ved haustens stortingsval er det ja eller nei til EØS-avtalen det handlar – ikkje norsk EU-medlemskap.