Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Torsdag kveld synte resultat frå testing gjort i Selje onsdag at éin person har testa positivt for covid-19. Personen testa seg på grunn av symptom.

Thomas Vingen Vedeld er kommuneoverlege i Stad kommune.   Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Det melder Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege i Stad kommune, i ei pressemelding der han samstundes viser til at nærkontaktar er kartlagt og varsla, og ubeskytta nærkontaktar er sett i karantene. Smittevegen er førebels ukjent.


21 nye positive koronaprøver torsdag

Av 519 analyserte prøver torsdag 5. august var  21 positive  for covid-19.


Ein har ikkje svar på mutasjonsanalyse enda, men det er deltavarianten av koronaviruset som er vanlegast i Norge no.

Den siste tida har ein sett aukande smitte i vår region. Vi oppmodar alle innbyggjarar om å følgje einmetersregelen nøye, ha god handhygiene og ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
Vi minner om at også vaksinerte personar bør teste seg ved symptom.