Dedatt

Gje di stemme til god kommuneøkonomi!

SV har ein tydeleg plan for korleis ei ny regjering kan styrke kommuneøkonomien.

Hege Lothe er stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Valet i haust blir avgjerande for kommuneøkonomien i åra som kjem. Kampen står mellom ei høgreside som satsar på mindre skatt for dei rike og privatisering av velferdstilboda, og ei venstreside som står opp for fellesskap og solidaritet. I eit raudgrønt samarbeid vil SV stå hardt på for at kommunane skal sikrast midlar til å levere gode fellesløysingar for alle som treng det. Vi veit at kommunane treng midlar til gode barnehagar, SFO og skular, til styrking av eldreomsorga, til vedlikehald av bygningar og vegar, og ikkje minst til å utvikle klimavenlege lokalsamfunn.

Problemet er at dagens kommuneinntekter ikkje strekker til for å løyse desse oppgåvene på ein god måte. Inntektene går med til drifta, medan investeringane i all hovudsak på lånefinansierast. Etter åtte år med blå regjering sit kommune-Norge derfor på ei truande gjeldsbombe. Kommunane si netto lånegjeld passerte i 2019 svimlande 410 milliardar kroner. Auken i 2019 åleine var på over 30 milliardar. Dei som kjenner kommune-Noreg, veit at denne gjeldsveksten ikkje kjem av at kommunane flottar seg når dei investerer i betre tilbod. Kvardagen handlar snarare om nøktern standard og om å utsetje dei investeringane som ikkje er heilt naudsynte. Det vesle driftsoverskotet som kommunane har, rekk ikkje til å redusere gjelda. Utan eigedomsskatten, som høgresida helst vil avskaffe, ville kommunesektoren samla sett hatt underskot også på drifta.

SV har ein tydeleg plan for korleis ei ny regjering kan styrke kommuneøkonomien. I vårt alternative statsbudsjett for 2021 synte vi korleis vi ville finansiere 10 milliardar ekstra til kommunane. Konkret ville SV sitt forslag ha gitt vel 7,6 millionar meir til Fjaler, 12,9 millionar meir til Årdal, 25,0 millionar til Sogndal og 46,2 millionar til Sunnfjord. Fylkeskommunen ville ha fått 178 millionar meir, og dermed råd til fleire klassar i vidaregåande skular og meir rassikring på farlege vegar. I ei raud-grøn regjering vil SV ikkje berre følgje opp desse forslaga, men også gå meir offensivt til verk med sterkare skattlegging av store formuar og ein meir rettferdig eigedomsskatt. SV er alternativet for deg som vil at ei raud-grøn regjering skal ta eit skikkeleg krafttak for kommunane sin økonomi!