Venstre meiner:

– Vestlandet er motoren. Stansar Vestlandet, stansar også Noreg.

Kutte utslepp og skape jobbar. Det er stikkorda til Venstre sin nye pakke for grøn omstilling på Vestlandet som stortingskandidatane i dei fire vestlandsfylka presenterte onsdag.

I ei pressemelding frå Venstre tek dei opp sine syn og tankar kring Vestlandet som region.  Foto: Venstre

Nyhende

– Det siste Vestlandet treng, er fleire klimafiendtlege og handelsfiendtlege parti. Difor lanserer vi 12 tiltak som er bra for klima og bra for norske arbeidsplassar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.