Debatt

Handling, ikkje brumling

Framtida blir skapt med handling og å vere i forkant av utviklinga. Difor har vi lukkast dei siste åra i Eid/Stad og Nordfjord. Difor ynskjer eg å kome på Stortinget for å ta denne kampen vidare nasjonalt. Eg vil på Stortinget for å handle, ikkje for å brumle.

Alfred Bjørlo er 1. kandidat for Venstre ved Stortingsvalet i Sogn og Fjordane.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sigurd Reksnes skildrar i innlegg i Fjordabladet 2/8 fram Nordfjord som ein stad der alt blir vanskelegare og dystrare dag for dag - der sentraliseringsspøkelset herjar vilt og sistemann snart må sløkkje lyset om ikkje Senterpartiet kjem attende til makta.

Det har rett og slett ingen rot i røyndomen. Nordfjord – og Stad kommune – er i dag inne i ei rivande utvikling. Aldri har framtida til Stad og Nordfjord sett lysare ut enn no. Aldri har det vore betre grunnlag for å få til endå meir tilflytting, meir desentralisert utdanning, meir desentralisering av statlege arbeidsplassar eller meir vekst i det nye grøne næringslivet.

Men det krev at vi ikkje får ei regjering som er meir opptatt av å reversere enn å utvikle, meir opptatt av å tvihalde på oljealderen enn av grøn omstilling og ny næringsutvikling, meir opptatt av å melde oss ut av Vestland og EØS enn av å byggje oss sterkare saman for framtida.

Sigurd Reksnes er flink til å brumle. Men de er langt mellom brumling og handling. Eg trur dei fleste hugsar godt kva som eigentleg skjedde sist Senterpartiet sat med makta, i åra mellom 2009 og 2013. Då vart to av tre avdelingar på Nordfjord Sjukehus lagt ned – og Liv Signe skjelte ut lokale sjukehusaktivistar som tok til motmæle mot Sp sin sentraliseringspolitikk. Erling Sande – som også i 2009 var stortingskandidat for Sp – lovde veljarane å byggje Stad Skipstunnel. Det vart med dei store orda. Ikkje ei krone vart løyvd til Stad Skipstunnel med Sp ved roret i Samferdsledepartementet 2009-2013 På lokalt plan var dette ei tid kor folketalet i Eid og Nordfjordeid som handelsstad stagnerte, og der ei einsleg gammal dieselferje putra over Nordfjorden mellom Anda og Lote.

Etter at Sp forlet regjeringskontora i 2013, og Venstre har vore med å styre landet gjennom budsjettfleirtal på Stortinget eller å vere i regjering, har mykje av dette endra seg. Stad Skipstunnel er vedteken av Stortinget og midlane løyvd – med Venstre si heilhjarta støtte. Det blir ny Strynefjellstunnel – med Venstre si heilhjarta støtte. Ferjetilbodet på Lote-Anda er forbetra med 20-minuttsavgangar og utsleppsfrie ferjer ein kan lite på – samtidig som alt ligg til rette for ferjeavløysing i nær framtid. Samferdsleinvesteringane er no tredobla frå nivået frå då Sp sat i regjering – noko som kjem heile landet til gode.

Og endå viktigare: Vi har i Eid og nye Stad fått snudd utviklinga frå stagnasjon til vekst – med å satse på tettstadutvikling, nært samarbeid med næringslivet og ei positiv og open haldning til omverda. Gjennom samarbeid i nye Vestland har vi fått på plass desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning i Nordfjord. Det er tettare samarbeid i Nordfjord enn nokon gong før om utdanning, rekruttering og næringsutvikling. Eid vidaregåande skule si framtid er sikra, nye liner er komne på plass og skulen står føre ei ny utbygging i nye Vestland fylke. Og vi har sikra framtida til samtlege av dei statlege kompetansemiljøa på Nordfjordeid, som no skal styrkast ytterlegare gjennom ein nasjonal pilot for «Statens Hus i distrikts-Noreg».

Eg er framtidsoptimist. Eg trur det trengs politikarar på Stortinget dei neste fire åra som ser den gyldne moglegheiten vi no har - etter koronaen og ved starten av ei storstilt klimaomstilling av heile samfunnet - til å skape ei historisk blømingstid for Nordfjord og distrikts-Noreg elles.

Men då må vi sjå framover. Vi må byggje endå sterkare samarbeid både i Vestland og over landegrensene. Vi må tørre å sjå klimautfordringane i augo i staden for å snakke dei vekk. Vi må ta inn over oss at ny teknologi og digitalisering ikkje er eit trugsmål mot distrikts-Noreg – men tvert imot tidenes sjanse til å desentralisere, gjere eit breiare spekter av arbeidsplassar tilgjengelege over heile landet og gjere offentlege tenester like tilgjengelege for folk uansett kvar du bur. Ikkje ved å køyre bil rundt om til ulike offentleg kontor, slik Sigurd Reksnes er opphengt i - men ved å gjere

stadig fleire tenester tilgjengelege digitalt, med fullt utbygd fiberbreiband til alle som vi no snart er i mål med.

Framtida blir skapt med handling og å vere i forkant av utviklinga. Difor har vi lukkast dei siste åra i Eid/Stad og Nordfjord. Difor ynskjer eg å kome på Stortinget for å ta denne kampen vidare nasjonalt. Eg vil på Stortinget for å handle, ikkje for å brumle.