Volda kommune melder restaurant til politiet etter smitteutbrot

Restauranten og utestaden MyKitchen i Volda er meldt av kommunen etter smitteutbrotet.
Nyhende

– Vi er i ein prosess der vi skal melde dette forholdet. Eg veit ikkje om meldinga er sendt allereie, men ho skal sendast i dag, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp) i Volda kommune til TV 2.

Bakgrunnen for meldinga er opplysningar som har komme fram i media, opplyser ordføraren.

Politiet stadfestar i ei pressemelding at dei har fått meldinga frå kommunen.

– Møre og Romsdal politidistrikt opplyser at undersøkingar blir sett i verk. Utover dette har vi ikkje meir informasjon å gi i saka, no før helga, seier politiadvokat Jan Roar Gidske i pressemeldinga.

Til saman 81 personar har fått påvist koronaviruset i Ørsta og Volda dei siste tre dagane. Fleire av smittetilfella har vorte spora tilbake til restauranten MyKitchen i Volda sentrum.

– Vi har ikkje fått nokon direkte førespurnader, men vi har sett videoar frå utestaden som er oppsiktsvekkjande. Derfor har vi bede politiet om å undersøkje saka vidare, seier Dimmen til TV 2.(©NPK)


49 nye koronasmitta i Ørsta og Volda

Ørsta stenger sjukeheimane for besøk