Aktuell Profil

Tore Storehaug - KrF

Den 13. september er det Stortingsval i Norge. Politikarane ligg no i startgropa og førebur seg på ein lang og krevjande valkamp. Mange stiller seg i desse dagar spørsmålet; Kven er desse personane som toppar listene til dei politiske partia. For å bli betre kjent med politikaren som person, har Fjordabladet stilt dei nokre enkel og uformelle spørsmål.

Tore Storehaug er Kristeleg Folkeparti sin listetopp ved Stortingsvalet den 13. september  Foto: Tormod Flatebø

Det kjekkaste som har skjedd i heimbygda mi siste året er at vi har fått fleire 6-åringar på sykkel langs etter vegen.

Nyhende

Namn: Tore Storehaug, 29 år

Politisk Parti: Kristeleg Folkeparti

yrke: Lærar

Familie: Gift med Line

Bustad: Askvoll/Oslo

Bil: VW Passat

Kjæledyr:: Nei

– Kva gjer du på i sommar?

– Nokre småturar til familie og vener, vaktveker på stortinget og ein del turar i marka og på sjøen.

– Kva er ditt beste eller verste sommarminne?

– Det er nok då eg og tremenningen min fekk ein styggstor steinbit som 12-åringar då vi fiska frå robåten heime på Flokeneset som er det beste. Det verste er frå 22. juli 2011.

– Kva er favorittmaten din om sommaren?

– Denne sommaren er det beste eg har ete eit par skatevenger som eg smørsteikte.

– Har du eit sommarmust?

– Eg har to! Det må landast minst 10 makrell i løpet av ein kveld frå flytebrygga og eg må oppom toppen Eitrenipa.

– Kva er du flink til og mindre flink til?

– Eg er god i det klassiske dataspelet Age of Empires 2, men har elendig spenst og kjem aldri til å kunne ta baklengs salto.

– Er det noko som engasjerer deg i tillegg til politikken?

– Hjortejakt.

– Er det ein annan plass du kunne tenke deg å bu?

– Måtte bli Sunnhordland eller Færøyane, der er det mykje bra folk.

– Kva må til for å gjere Nordfjord/Sogn og Fjordane endå meir attraktive?

– Det kjekkaste som har skjedd i heimbygda mi siste året er at vi har fått fleire 6-åringar på sykkel langs etter vegen. Det har ført til innsamlingsaksjon for å pusse opp leikeapparata utanfor grendehuset vårt – og der har og dei som ikkje har eigne born bidratt masse. Slikt trur eg gir bulyst for fleire.

– Kva har du sakna mest under pandemien?

– Å kunne treffe vener.

– Kva les du/lyttar på/ser du vanlegvis?

– Det går mykje i lydbøker, særleg om dei omhandlar historie – og vertfall om det er vikingtids- og mellomalderhistorie. Og elles spelar eg av ein del tungmetall.

– Kva tykkjer du om lokalavisene i ditt distrikt?

– Veldig gode på å løfte fram gode historier og personar frå lokalmiljøet!

– Kven vil du gje ein blome til? (ikkje familie)

– Damene som starta innsamlingsaksjon for leikeapparat utanfor grendehuset.

– Kven ville du teke med deg til ein aude øy?

– Eg hadde tatt ein for laget og tatt med meg Donald Trump. Han bør isolerast der.

– Det blir ikkje sommar utan… Lukta av sjø og makrell.


Aktuell Profil

Alfred Bjørlo - Venstre

Den 13. september er det Stortingsval i Norge. Politikarane ligg no i startgropa og førebur seg på ein lang og krevjande valkamp. Mange stiller seg i desse dagar spørsmålet; Kven er desse personane som toppar listene til dei politiske partia. For å bli betre kjent med politikaren som person, har Fjordabladet stilt dei nokre enkel og uformelle spørsmål.



Aktuell profil

Olve Grotle, Høgre

‒ Eg er veldig opptatt av å få til gode samarbeid, og håper eg er med på å få det til.



Aktuell profiil

Geir Oldeide - Raudt

– Eg innbiller meg at eg er flink til å samarbeide og gjere andre gode.