Møt Geir Oldeide – Listetopp for Raudt Sogn og Fjordane

– Kampen mot forskjells-Norge er vår viktigaste sak

‒ Eg opplever at mange i mitt nærområde, heilt uavhengig av kva parti dei har gitt si stemme til ved tidlegare val, seier at ved dette valet vil dei stemme Raudt. Inntrykket eg personleg har, er at dei meiner at Raudt vil kunne utgjere ein skilnad.

Raudt: Geir Oldeide har lang fartstid i lokalpolitikken. Allereie i 1983 vart han vald inn i kommunestyret i Vågsøy. Til saman har det blitt seks periodar som folkevald. – Då eg vart vald inn i kommunestyret i Kinn ved siste val, tenkte eg at det skulle bli min siste periode som folkevald, men så fekk eg spørsmål om å stille som Raudt sin 1, kandidat i Sogn og Fjordane. No er vi i gong med valkampen, så får vi vente og sjå kva veljarane seier den 13. september, seier han.   Foto: Tormod Flatebø.

Reformer, eller behovet for endringar, må kome nedanfrå

Nyhende

Det seier Geir Oldeide, 1.-kandidat til Raudt i Sogn og Fjordane, som allereie er i gong med valkampen.

– Eg både trur og håpar at denne gongen har Raudt i Sogn og Fjordane ein reell sjanse til å få ein plass på Stortinget. Eg vedgår at eg var i tvil om [ takke ja til 1. plassen, men etter at ho eg er gift med gav klart uttrykk for at dette burde eg seie ja til, så sa eg ja, seier Geir som langt frå er nokon novise når det kjem til politikk.

I 1983 vart Geir vald inn i kommunestyret i Vågsøy kommune. Totalt har han seks periodar som folkevald i heimkommunen. Ved det siste kommunestyrevalet, etter at Vågsøy og Flora vart slått saman til nye Kinn kommune, gjorde Raudt eit brakval i Vågsøy med ein oppslutnad på over 22 prosent, og i overkant av ti prosent totalt i Kinn. Kinn Raudt fekk fire representantar i kommunestyret og Geir vart ein av elleve i formannskapet. Sjølv meiner Geir at ein del av velviljen han og partiet møter, har samanheng med den politiske jobben partiet gjer i Kinn kommune. Det kan også nemnast at dotter til Geir , Sunniva Audardottir Oldeie, fekk plass i Kinn kommunestyre. Ho er no Geir sin «sjef», som valkampleiar for Raudt i Sogn og Fjordane ved årets Stortingsval.

Raudt: Geir Oldeide har lang fartstid i lokalpolitikken. Allereie i 1983 vart han vald inn i kommunestyret i Vågsøy. Til saman har det blitt seks periodar som folkevald. – Då eg vart vald inn i kommunestyret i Kinn ved siste val, tenkte eg at det skulle bli min siste periode som folkevald, men så fekk eg spørsmål om å stille som Raudt sin 1, kandidat i Sogn og Fjordane. No er vi i gong med valkampen, så får vi vente og sjå kva veljarane seier den 13. september, seier han. Begge foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø.

‒ På mange meiningsmålingar som er presentert det siste året er Raudt plassert godt over sperregrensa. Ser vi dette i eit historisk lys, så må det ha skjedd ein del frå RV til Raudt. Har du ei forklaring?

– Utan å miste kontakten med folket har partiet bevega seg frå å bli oppfatta som eit plakat- og paroleparti til å bli eit parti med ein politikk som tek veljarane på alvor. Elles er eg overtydd om at den jobben Bjørnar Moxnes har gjort på Stortinget dei siste fire åra har vore viktige. Moxnes har vore flink til å få fram politikken til Raudt, i tillegg til at han er sakleg og kunnskapsrik. Eg tru folk er lei av «sandkassekranglinga» mellom enkelte parti og politikarar og som eigentleg ikkje betyr noko som helst i ein større samanheng, seier Geir som legg til at den viktigaste saka for Raudt dei komande fire åra, er kampen mot forskjells-Norge.

‒ Kampen mot forskjellane i samfunnet vårt gjennomsyrer politikken vår på alle felt. Kampen har både eit sosialt og eit økologisk perspektiv. Sosialt ved at vi skal jobbe politisk for universelle profittfrie velferdsgode som blir finansierte av fellesskapet, og som er tilgjengelege for alle, uavhengig av om du er fattig eller rik både fattig og rik, om du bur i ein by eller ei bygd. Uavhengig av hudfarge, legning og religion. Vi vil ha skattesystem der dei som har mest, bidreg med mest til fellesskapet. På kort sikt får vi ikkje vekk klasseskilja, men vi kan forandre styrkeforholda og skape forbetringar dersom vi står saman om det. Politikken til Raudt for denne fireårsperioden baserer seg på prinsipp som vi meiner kan redusere forskjellane. Økologisk så handlar det om at vi skal jobbe for at verda skal vere ein leveleg stad også for kommande generasjonar, seier Geir og legg til at i dette biletet er også kampen mot barnefattigdom viktig og sentral.

Tut: Det er ingen som treng å vere i tvil om kva Geir Oldeide ønskjer, det står i klartekst bak på bubilen som er hans mobile valkampkontor. – Med denne bilen skal vi oppsøkje kvar krik og krok i det flotte fylket vårt, seier han og oppmodar samstundes folk som stemmer Raudt om å tute.  Foto: Tormod Flatebø.

– Kampen mot barnefattigdom må kjempast i kvart einaste kommunestyre rundt om i landet. Eit døme i denne kampen kan vere at barnetrygda ikkje skal teljast som ein del av inntektsgrunnlaget når ein familie søkjer om sosialstønad.

– Over fleire år har det norske samfunnet blitt endra ved at Stortinget har vedteke ei rekkje reformer som har endra kvardagen til folk. I 2002 fekk vi helseføretaksreforma og i 2012 samhandlingsreforma som overførte meir ansvar for helsetilbodet til kommunane. Solberg-regjeringa, med støtte frå fleirtalet på Stortinget, har vedteke ei kommunereform, ei regionreform og ei nærpolitireform. Senterpartiet har sagt at dei vil reversere nokre av reformene. Kor i landskapet står Raudt?

– Reformer, eller behovet for endringar, må kome nedanfrå. Dei aller fleste døma du tek fram er reformer utvikla av byråkratar, som har fokus på økonomi og sentralisering, og ikkje innbyggarane i tankane. Folk har mobilisert og gjort opprør mot sentraliseringspolitikken, anten den har komme gjennom tvangssamanslåing av kommunar og fylke eller svekking av tilbod som akuttberedskap ved lokalsjukehus, nedlegging av fødetilbod og/eller svakka ambulansetransport, seier Geir og viser samstundes til at dei aller feste reformene dei siste tiåra har ført til sentralisering av tilbod og tenester.

– Ei rekkje reformer som er gjennomførte har ført til auka sentralisering og svekte lokaldemokrati. Ei nærpolitireform som førte til nedlegging av svært mange lensmannskontor rundt om i Distrikts-Noreg, har ikkje ført til betre politiberedskap. Vi ei lang rekkje medieoppslag som handlar om at når folk kontaktar politiet ut frå akutte behov, så blir dei bedne om å ta kontakt med kontoret dagen etter. Politiet må vere til stades når behovet er der, så enkelt er det. NAV-reforma førte ikkje til betre handsaming av dei som hadde trong for hjelp. Høgre har styrt landet dei siste åtte åra. Då er det enkelt å fastslå at dette er høgrepolitikk, seier Geir som legg til at reformkåte politikarar i større grad bør høyre på dei som jobbar i helsevesen, skular og kommunar.

– Dette er folk med mange års utdanning i dei yrka dei jobbar i. Reformkåte byråkratar og politikarar bør droppe reformene og gje dei som jobbar i skule og helsevesen ro til å utføre jobben sin.

‒ Eg har lyst til å tekkje fram to ting til som er viktig for oss i Raudt. Først ei sak som kan vere døme på småleg nedskjering. For oss som er oppteken av å kjempe mot ulikskapen i samfunnet, står forslaget om å kutte brillestøtta til born, som regjeringa kom med i eit budsjettframlegg, som heilt uforståeleg. Svært lite å spare men svært alvorleg for dei som vart råka. Ei anna sak er mangelen på heilskapen i helsepolitikken. Tannhelse er ein viktig del av det heilskaplege helsetilbodet. Raudt vil arbeide for at det skal bli eit gratis tilbod på lik linje med andre helsetilbod.

– Kva trur du om sjansane dine til å bli vald inn på Stortinget?

– Det eg trur er at når røystene er talde opp, så vil Raudt ha fått inn ei gruppe på 8–10 representantar. Så trur eg det er ein reell sjanse for at eg kan vere ein av dei.