Uoversiktleg smittesituasjon i Volda/Ørsta

Det er påvist sju nye smitta i Volda/Ørsta det siste døgnet, fire av dei med delta-varianten. Kommunane ber unge vaksne som har vore på fest om å teste seg.

Volda/Ørsta kommune oppmodar alle unge som har vore på fest i helga, om å teste seg. Illustrasjonsfoto.   Foto: Jil Yngland

Nyhende

Kommunane Volda og Ørsta på Sunnmøre meldte tysdag kveld om sju nye koronasmitta i kommunane. Fire av dei påviste er av delta-varianten, skriv Avisa Møre.